Hovudmålet med prosjektet var å finna fram til og få dialog om kva verdiar som er viktige for unge i dag og å få desse presentert for sentrale politikarar og andre vaksne med ei klar og tydeleg stemme som gjer at ungdommane blir høyrde. # 4 informasjon og konstruktiv dialog). Bømlo ungdomsråd har i fleire år hatt mental helse og velvære og deltaking for alle på dagsorden og dette er ei viktig drivkraft i arbeidet deira. Difor var dette også viktig i dette prosjektet (# 5 mental helse og velvære, # 3 inkluderande samfunn og # 9 plass og deltakelse for alle). Det var også viktig å fremja ungdommane i distrikta sine meiningar ved at det var invitert inn ungdommar i frå heile Noreg.(# 6 flytte bygdeungdom framover) - Bømlo høyrer jo også ein distriktskommune i utkanten av både Noreg, Vestland fylke og Europa. Ønskjet var også å setja miljø og berekraft på dagsordenen (# 10 bærekraftig grønt Europa). Å snakka om og fremja likestilling mellom kjønna var også ei sentral målsetjing. (#2 likestilling av alle kjønn).