Back to search

Demokrativerkstad for ungdom som del av Ung data-prosess

2024-2-NO02-KA154-YOU-0002582702024Youth participation activitiesfinalized
Countries: NO · Grant: €31,000
Democracy and inclusive democratic participationCommunity developmentYouth policy development

Objectives

Kvam vart kåra som årets ungdomskommune i 2023 for å ha gode system for ungdomsrådsarbeid og for å ha utvikla satsing på fritid i samarbeid med barn og unge. I løpet av perioden som ungdomskommune ønsker Kvam å utvikla strukturar for samarbeid og dialog mellom ungdomsrådet og dei som dei skal representera, altså ungdomane i kommunen. Tiltaka følger to «spor»: for det første har elevråda og ungdomsrådet samarbeidd om rutinar for dialog mellom elevråda og ungdomsråda. For det andre prøver me ut arrangement der ungdomsrådet får drøfta samfunnsspørsmål med eit større utval av ungdomar. Det er det sistnemnte denne rapporten handlar om. Prosjektet har hatt som mål å leggja til rette for ei breiare deltaking av ungdom i lokaldemokratiet. Ungdomsrådet har gjennom mange år etablert seg med ein formell og reell posisjon i det politiske systemet. Me ville skapa strukturar for meir dialog mellom ungdomsrådet og ungdomspopulasjonen som dei skal representera. For å få dette til, ville ungdomsrådet arrangera demokrativerkstad, eit diskusjonsmøte mellom ungdomsråd og andre ungdomar i lokalsamfunnet. I tillegg kom andre arrangement der ungdomsråd og andre ungdomar kunne diskutera samfunnsspørsmål. Heile arrangementsrekka var del av arbeidet med Ungdata. Arrangørgruppoer av ungdom, leia av ein samskapingskoordinator, støtta ungdomsrådet i det praktiske arbeidet med å planleggja og gjennomføra arrangementa. Me har kalla prosessen og arrangementa "Sterke fellesskap - Ung i Kvam 2024". "Sterke fellesskap – Ung i Kvam 2024" er eit felles omgrep for ei rekke arrangement i Kvam hausten 2024 knytt til å forstå og drøfta funn i Ungdata. Omgrepet femnar om det me vil skapa gjennom prosessen, både knytt til arbeidsmetodane før og under arrangementa og kva prioriteringar som ungdomsrådet gjer på bakgrunn av innspel.

Project partners (1)